Zizek – eit balkansk bulder
Jon Langdal er lektor og litteraturvitar. Han har skrive ei rad artiklar i Syn og Segn, Agora, Samtiden og Prosa. NEDST I MARGEN (M BILETE AV BOKA I MARGEN UNDER TEKSTEN):Slavoj Zizek, Artikler om den globale kapitalismens maskineri, Gyldendal 2002Reklamespråket har det siste året lansert Slavoj Zizek som «The Giant from Ljubljana». Frå å vere ein Lacan-ekspert og kulturfilosof med mange gjesteopphald på amerikanske universitet er han, særleg etter 11. september, blitt ein meir og meir politisk intellektuell aktør som orienterer seg i retning Marx og Lenin, men framleis med Lacan i bagasjen. [Lacan var ein fransk psykoanalytikar og filosof. red. anm.] Dei som har sett Zizek i aktivitet i Oslo har fått oppleve nokre av hans sterkaste sider. Han er eit retorisk funn med eit folkeleg, sjarmerande og inspirerande krigshumør, ein politisk entertainer i aller beste forstand, og ikkje berre når han kjem trekkande med politiske vitsar. Han kan valse i veg både mot infantil amerikansk mediafiksering på 11. september, utan å vere «antiamerikansk», og mot billeg venstresidemoralisme, postmoderne relativisme og ikkje minst pasifisme. Særleg når han får spørsmål frå salen, kor tåpelege dei enn kan vere, imponerer han med raske, lysande klare og ikkje minst konkrete svar. Fjernare frå akademisk hovmod er det vanskeleg å kome. Heltane hans er da også vanlege, modige folk, som israelske soldatar og flygarar som nektar å delta i operasjonar mot palestinarane, og amerikanarar som avslår å vere med på korstoget for hemn i Afghanistan.Kritikk av liberal moralVirkelighetens ørken, som Espen Søbye har omsett for Aschehoug, og med etterord av Kjartan Fløgstad, dekkjer fleire og svært ulike sider av hans store produksjon. Framstillinga er i kraftfull essay-stil. Både den lange introduksjonen og dei tre største hovudkapitla er meir eller mindre politiske og moralfilosofiske, gjerne servert i den særeigne Zizek-blandinga av Lacan-inspirert kulturkritikk. Noko av det mest problematiske ved Zizek ligg i dette svært spesielle teoretiske amalgamet. Litt problematisk for norske lesarar er det også at dei teoretikarane han ligg i indre diskusjon med, til dømes franske Alain Badiou, er lite kjende i Noreg, og med god grunn etter eit par sitat å døme. Siste del av boka er via til ein av Zizeks største pasjonar: film, spesielt Hitchcock-filmar. Han har også interessante synspunkt på musikken til Sjostakovitsj som komponistens oppleving av den verste tida på 30-talet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn