Protest mot fengsling av sjukepleiar
Det har vekt sterke reaksjonar at den portugisiske sjukepleiaren Maria do Ceu har blitt dømd til åtte og eit halvt års fengsel for å ha utført abortar. Gjennom ein internasjonal støttekampanje blir det no retta ein tydeleg appell til den portugisiske presidenten om å setja henne fri. «Domfellinga av Maria do Ceu stoppar ikkje utføring av abortar i Portugal, men vil føra til at abortar vil bli utført på enda meir farleg og hemmeleg vis, som gjer kvinner varig ufruktbare eller i verste fall fører til dødsfall,» heiter det i brevet, som kan signerast av alle som ønskjer å protestera.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent