Poet blir kasta ut
– Mange av vennene mine har flykta frå Zimbabwe. Dei som er att i landet, lever i konstant frykt. Skulle eg bli nøydd til å reisa tilbake, vil eg anten bli fengsla eller drepen. Det seier Fortune Rice, poet og menneskerettsaktivist frå Zimbabwe. Sia mai 1999 har han vore i Noreg. Han har søkt asyl og fått avslag. 7. oktober behandla Utlendingsnemnda (UNE) klagen på tidlegare avslag, og fleirtalet i nemnda støttar dei avgjerdene som er tekne før. Men den eine som utgjer mindretalet i nemnda, legg særleg vekt på at forholda i Zimbabwe er kritikkverdige ut frå eit menneskerettsperspektiv, og at det ligg føre sterke menneskelege omsyn som gjer at klagaren bør få lov til å bli i landet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn