Det blir ofte hevda at det er «antisemittisme» å hevda at jødane stod bak verdas mest kjende avretting for 1970 år sidan. Den naturstridige alliansen mellom kristen og jødisk fundamentalisme legg helst skulda på det romerske imperiet. Men det er tull. Å stilla nolevande jødar til ansvar for noko som skjedde for 2000 år sidan er sjølvsagt urimeleg – slik det er urimeleg å jaga folk frå gard og grunn på grunn av mytisk stoff i Mosebøkene. Men rett skal vera rett. Evangelia, dei beste kjeldene, er eintydige: Romerske soldatar avretta Jesus etter dom i det jødiske rådet. At ikkje-jødiske styresmakter har eksekvert straff frå jødiske domstolar har vore nokså vanleg. Etter at jødane i Austerrike på slutten av syttenhundretalet fekk individuelle rettar – og ikkje kunne dømast av rabbiane – skreiv rabbien Moshe Sofer i Bratislava ein responsa der han klaga over at jødane i Wien var slappe. Han legg til: «Når eg i Pressburg (Bratislava) får vita at ein jødisk butikkeigar har våga å halda oppe på ein av dei mindre helgedagane sender eg med ein gong politiet på han, slik at han hamnar i fengsel». Dei straffene ikkje-jødiske styresmakter har utført på vegne av rabbiane har vore av mange ulike slag – mellom anna dødsstraff. I nokre område har også ikkje-jødiske styresmakter tent gode pengar på bøtestraffer for jødar med slapp praksis.