Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Sats på nettet!

– Før i tida var det lokale arbeidarkollektivet grunnsteinen i fagrørsla. No er ikkje dette nok lenger, seier Espen Løken. Etter nær 20 år som tillitsvald i Nopef er Løken i dag forskar hos Fafo. Han lanserer denne månaden ei bok om teknologi og fagrørsla, men denne gongen er det ikkje frykt for automatisering og jobbkutt det skal handla om. «Så samles vi på nettet – om fagbevegelsen og Internett» er ei bok om kva som er i ferd med å koma i tillegg til det gamle arbeidarkollektivet. – Mitt syn er kort sagt at internetteknologien er som skapt for fagrørsla. Her har vi verktøyet vi treng for å løysa mange av utfordringane som tårnar seg opp, seier Løken, som peikar på to av dei:n Internasjonaliseringa av økonomien gjer at fagrørsla treng meir kommunikasjon over landegrensene. ■ Nettverksøkonomien, med utskilling, eigarbyte og mange små einingar under store konsern krev nye strukturar i fagrørsla.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen