Sparar millionar på deltidssjukepleiarar
– Ingen ville tenkt på ei slik organisering av arbeidet i eit mannsdominert yrke, seier førstelektor Synnøve Hitland, førstelektor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag – Familiepolitikk blir brukt som legitimering av deltidsarbeid, men dei reelle grunnane til ein omfattande bruk av deltidsstillingar ligg i organiseringa av arbeidet og sjukehuset sitt ønske om å spara pengar, seier Hitland. Saman med Nina Kathleen Ford har ho gjort ei undersøking om deltidsarbeid ved St Olavs Hospital HF i Trondheim. Undersøkinga er basert på intervju med oversjukepleiarar. Sjukepleiarane blir i stor grad tilbydd deltidsstillingar, og dei nyutdanna sjukepleiarane aller mest, viser undersøkinga. To tredelar av sjukepleiarane ved sjukehuset har deltidsstillingar, og fordi det er etablert ei ventelisteordning for dei som ønskjer full jobb, må dei nyutdanna i aller størst grad ta til takke med deltidsjobbar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn