Æresdoktor med fredsdiagnoser
Førre veke var den verdskjende fredsforskaren Johan Galtung som snarast innom Hell i Trøndelag på journalistkonferanse. Der rakk han å skjella ut nesten samtlege norske utanriksjournalistar for å vera eit «paddekorps» og fullstendig ukritiske til USA.Denne veka er kosmopolitten i den spanske byen Alicante for å motta heider og ære frå universitetet. Frå før er Galtung æresdoktor ved mellom anna ved universiteta i Uppsala, Torino og Tampere, og som han sjølv seier ved «eit par universitet i Tyskland og så eitt i Japan». Noko av bakgrunnen for alle utnemningane ligg i at Galtung av mange blir sett på som sjølve grunnleggjaren av fredsforsking som fagdisiplin. Men Galtung har tilgode å motta noka æresutnemning frå norske universitet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn