Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nederlaget

Dagens leder

* I morgon er det ti år sidan USA gjekk til åtak på Afghanistan, fire veker etter terroraksjonane 11. september. Desse aksjonane var så sjokkerande at USAs Nato-allierte og det såkalla verdssamfunnet - FN - stilte seg bak USA nærast på autopilot. Også Norge kom raskt med i den slett planlagde militære kampanjen. På tiårsdagen har dei fleste store ord forstumma på vestleg side, der USA og deira lydige allierte Norge førebur ein retrett innan 2014. Fleire andre land er alt på veg ut. Retretten vil, trass i alle gode minar til slett spel, skje med halen mellom beina. Den norske frilansjournalisten Anders Sømme Hammer, som busett i Kabul har følgd utviklinga på kloss hald sidan 2007, seier at alle krigførande nasjonar innser at krigen er tapt, sjølv om statsleiarar og generalar ikkje vil seie dette høgt.