I forkant av innspelinga av filmen «Resten av dagen» førebudde Anthony Hopkins seg grundig til å spele rolla som den pliktoppfyllande butlaren Stevens. Mellom anna intervjua han eldre tenestefolk frå det gamle britiske klassesamfunnet, der overklassen hadde heldt seg med tenarar, hushaldersker og kammerjomfruer. Ein aldrande butlar forklarte for Hopkins at det som kjenneteikna ein god butlar, var at når butlaren kom inn i eit rom, kjendest rommet med eitt litt tommare.
Ei slik evne til usynleg nærvær hadde også den unge KGB-agenten Vladimir Putin. Dei som trefte han i sosiale samanhengar, hadde vanskar med å hugse det i etterkant, for ikkje å snakke om korleis han hadde sett ut.
Denne grunnleggande flyktige karakteren har blitt aktualisert etter Russlands angrep på Ukraina 24. februar. Kven er denne mannen som har gitt ordre om å drepe og øydeleggje? Omverda famlar etter forklaringar. Kva er det som har fått han til å ta denne katastrofale avgjersla? Korleis tenkjer han? Er han gal?
Ein av dei som veit mest om Vladimir Putin, er den britiske forfattaren Philip Short. Han har vigd dei siste åtte åra til ein stor biografi om presidenten. Boka, som kjem ut i juni og er på nesten 900 sider, er eit detaljert (med 3000 fotnotar), gjennomarbeidd og fengslande portrett av Putin, frå barndommen og fram til mars i år. Short har intervjua over 200 personar i eit dusin land.
Systematisk mot sanninga
Det er ikkje første gongen Short gir seg i kast med flyktige politiske leiarar. Den pensjonerte BBC-korrespondentens store biografiar har blitt meisterlege standardverk utan samanlikning. Biografien hans om Kinas Mao Zedong vart kalla banebrytande då han kom i 1999, og dei om Kambodjas Pol Pot og om den franske presidenten François Mitterrand fekk også overstrøymande mottaking.
– Då eg var ferdig med boka om Mitterrand, gav valet seg sjølv. Om eg skulle gi meg i kast med endå ein biografi, var Putin det sjølvsagde valet. Han er den desidert mest interessante og på mange måtar viktigaste verdsleiaren i dag. Fordi eg var korrespondent i Moskva i 1970-åra, både snakkar og les eg russisk. Den russiske kulturen og det russiske samfunnet har alltid fascinert meg – Russland er både aust og vest, Europa og Asia.
Short er ein utdanna brite av den gamle sorten – tørr humor, lynrask i replikken. Etter at han pensjonerte seg, har han fått bygd seg eit vakkert hus utanfor fjellbyen La Garde Freinet i franske Provence. Huset ligg i enden av ein smal grusveg, med vedunderleg utsikt over fjella og Middelhavet. Der bur han med kona og ei lita dotter.
Bildet omverda har av Putin, er av ein mann utan synleg karisma, eit kynisk maktmenneske med mørke motiv. Mens Vesten har ledd av poseringa hans som mannemann i bar overkropp, har han opparbeidd seg brei folkeleg støtte i Russland. I biografien prøver Short å fastslå kva som er sant og ikkje i forteljinga om Putin.
– Det som skil denne boka frå dei som tidlegare er skrivne om Putin, er at eg systematisk har prøvd å kome til botnars i ulike opplysningar. Mykje av det ein trur ein veit om Putin i Vesten, bygger på halvsanningar eller er rett og slett feil.
Short nemner eit par døme. Kort tid etter at Putin forlét posten som FSB-sjef (tidlegare KGB) for å bli statsminister, vart Russland skaka av ei rekkje spektakulære terrorattentat. Bomber plasserte i leigegardar drap over 300 menneske. Attentatet var den utløysande faktoren for den andre og øydeleggjande krigen i Tsjetsjenia. I ettertid har det vore uttala mistankar om at gjerninga var iscenesett av FSB og Putin, som ei unnskyldning til å starte krigen. Men Short argumenterer godt for at det var jihadistar frå Dagestan som stod bak.
Ei anna feiloppfatning gjeld kven som gav ordren om å drepe den avhoppa agenten Alexandr Litvinenko. Han døydde i London i 2006, etter at han vart eksponert for radioaktiv gift. Ifølgje den britiske etterretningstenesta M16 skal Putin ha uttrykt misnøye over at Litvinenko avslørte statsløyndomar. Ein sjef i FSB bestemte seg då for å få rydda Litvinenko ut av vegen for å glede presidenten. Men Short kan fastslå at det ikkje stemmer. Opplysningane frå MI6 var ei tåkelegging for å beskytte kjelda dei hadde i Putins indre krets. Dødsdommen vart tvert imot ferda ut av Putin sjølv.
– Å finne ut av desse tinga, er detektivarbeid. Ein kan til dømes samanlikne kva som har blitt sagt om nokon i ulike situasjonar, og utifrå motseiingar lande på ei sannsynleg forklaring. Den forklaringa kan i neste omgang bli prøvd mot ulike andre kjelder, for å avgjere om ho er korrekt eller ikkje.
Ein usannsynleg karriere
Den Putin som blir framstilt i boka til Short, er i visse aspekt mindre monstrøs enn den svartkvite figuren som dominerer nyheitsbildet. Short meiner for eksempel ikkje at Putin er forma av åra i KGB.
– Nei, han var Putin lenge før han begynte å jobbe for dei.
Men kven er han i så fall?

Vladimir Putin vart fødd i 1952 i det som då heitte Leningrad. Foreldra hans var då over 40 og hadde mista dei eldre barna sine – Putins yngste storebror svalt i hel i løpet av dei nesten 900 dagane då den nazityske hæren okkuperte byen. Dette nye, siste barnet, skulle derfor komme til å bli vilkårslaust elska. Foreldra var fabrikkarbeidarar, men Putins farfar hadde tent som kokk for Lenin og Stalin, så dei hadde visse kontaktar.
Fattigdommen var utbreidd i den framleis svært krigsmerkte byen. Putin var ikkje noko skulelys, men ein bråkmakar, som ofte hamna i slåstkamp. Han var låg av vekst, men slost som ei furie. Ingen greidde å få skikk på han. Då ein lærar kontakta foreldra, svara Putins far: «Men kva skal eg gjere? Drepe han?»
På ungdomsskulen vart Putin med ein ven til ein kampsportsklubb. Det skulle bli eit vendepunkt for han. Ifølgje Short kunne Putin ha blitt eit internasjonalt toppnamn i judo, om han hadde heldt fram med idrettskarrieren.
Den unge Putin innsåg snart også at skulen var det einaste alternativet han hadde til dei kriminelle ungdomsgjengane som herska i bakgardane. I åttande klasse bestemte han seg for at han skulle bli pilot. Men så kom han til å lese om hemmelege agentar og vart djupt fascinert. Seinare skreiv han: «Det som forundra meg mest, var korleis éin mann kunne få til ting som ein heil hær ikkje greidde. Ein spion kunne avgjere skjebnen til tusenvis av menneske.» Han tok mot til seg og kontakta KGB, som forklarte han at dette ikkje var noko for smågutar. Men dei rådde han til å søkje seg til det prestisjefylte jusstudiet ved universitetet. At ein som Putin skulle kome inn der, var likevel omtrent «like sannsynleg som å få reise til Mars». Alle rundt han, inkludert foreldra, rådde han frå å prøve. Men Putin hadde bestemt seg.
Gjennom innstendig arbeid fekk han forbetra karakterane sine. Arbeidarklassebakgrunnen hans og dei framifrå idrettsmerittane hans opna til slutt døra til det Short kallar «ein høgst usannsynleg karriere».
Då han gjekk fjerde året på juss, kom han igjen i kontakt med KGB. Putins bakgrunn var upåklageleg, studieresultata utmerkte. Til og med den inkjeseiande utsjånaden hans var ein fordel. Det som kunne stå i vegen for han, var at han vart sett på som ein som tok risiko – han hadde blitt tatt for å køyre for fort, og for å bryte reglar. Men evalueringa enda i Putins favør.
Takka vere at han hadde studert tysk, vart han utplassert i austtyske Dresden. Det var ikkje noko som var vidare gunstig for karrieren. Levestandarden var utruleg mykje høgre enn heime, men moglegheitene til å setje noka form for avtrykk var små.
Då Aust-Tyskland fall saman, vart han kalla tilbake til Leningrad. Der fekk han eit prestisjelaust oppdrag ved universitetet. Han engasjerte seg derfor heller i den pågåande politiske maktkampen. Han allierte seg med Anatolij Sobtjak, komande borgarmeister i St. Petersburg. Det gav han nye oppdrag. Putin utmerkte seg som arbeidsnarkoman, som ein som fekk ting gjort i eit byråkrati prega av ineffektivitet og korrupsjon. Han greidde å navigere gjennom kaoset som følgde etter Sovjetunionens samanbrot og han fekk stadig større påverknad. Til slutt fekk president Boris Jeltsin opp auga for den effektive byråkraten.
«Han har gjort det uføreseielege til ein kunst.»
Mange vart overraska då Jeltsin såg seg ut Putin som sin etterfølgjar i desember 1999. Eit halvt år seinare vart han offisielt valt til president. Sidan då har han styrt landet.
– I heile Russlands historie har leiarane halde på makta til dei har døydd, blitt myrda eller styrta. Jeltsin er den einaste som har gått av frivillig. Putin har vore og er framleis populær, og sjølv no med krigen i Ukraina støttar majoriteten i befolkninga han, fordi han evna å oppnå stabilitet etter kaoset i 90-åra. Dei fleste russarar har det betre i dag enn nokon gong tidlegare.
Audmjuking
Om ein skal forstå Putins stilling og politikk, bør ein ta omsyn til nettopp dette historiske perspektivet. Etter Sovjetunionens kollaps heldt ikkje eit heilt livs sparepengar til meir enn ein togbillett. For å unngå svolt vart den tidlegare stormakta tvinga til å ta imot naudhjelp frå omverda (ikkje sjeldan sende Vesten matvarer som for lengst var utgåtte på dato). Det var djupt fornedrande. At dei tidlegare Sovjetrepublikkane var blitt sjølvstendige land, var også vanskeleg å akseptere for mange russarar. Under den andre verdskrigen hadde Putins far blitt sendt til fronten i det som i dag er Estland. Der vart han stygt såra og invalid for livet. Stadig har Putin ergra seg over at ein sånn utkant av landet som 50.000 russiske soldatar ofra livet for å forsvare, skulle kunne vere eit utland.
Kjensla av å bli audmjuka kjem stadig tilbake. Under dei første åra som president såg Putin det å nærme seg Vesten som Russlands einaste framtid. Russland er ifølgje han ein del av Europa. Men Putin opplevde gong på gong å bli ført bak lyset av dei vestlege maktene. Til dømes var løftet om at Nato ikkje skulle utvidast austover, ingenting verdt. USA verka i Putins auge innstilt på å etablere eit uformelt verdsherredøme på kostnad av andre statar. Det er i dette lyset Short plasserer angrepet på Ukraina.
– Putin er ikkje gal, sett frå hans perspektiv er dette heilt logisk. Det er rett og slett ein krig mot USAs dominans. Målet er å vise at Amerika kan utfordrast. På kort sikt sameinar det sjølvsagt Nato og Vesten, men samtidig har ikkje Nato våga å risikere atomkrig. Når støvet legg seg, vil mindre Nato-land som Estland spørje seg om sjølvstendet deira kjem til å vere verdt utrydding. Ein må også ha i mente at store delar av resten av verda ikkje synest det er så ille at USAs dominans blir utfordra på denne måten.
– Føresåg du krigen?
– Eg får erkjenne at eg trudde at Putin berre eigna seg til taktisk handbak. Dei fleste russarar trudde heller ikkje at han skulle invadere, til og med hans eige entourage vart overraska. Men det er typisk Putin. Han har gjort det uføreseielege til ein kunst. Å gjere det andre trur han ikkje skal gjere, er eit av karaktertrekka hans.
«Ideen om at alt kjem til å bli fantastisk berre han forsvinn, er berre tøys, er eg redd.»
– Men korleis kunne nokon med ein slik bakgrunn i FSB så til dei gradar feilvurdere dei strategiske forholda i Ukraina?
– Alle seier at han hadde forventa at ukrainarane ville ønskje dei russiske styrkane velkomen. Det trur eg ikkje på. Han er ikkje så korka. At det russiske militæret skulle fungere så dårleg, at ukrainarane skulle gjere såpass mykje motstand og at Vesten skulle innføre så harde sanksjonar, hadde han ikkje rekna med. Men målet med krigen er jo å undergrave den rådande USA-styrte tryggleiksordninga. Og der trur eg han føler at han har sigeren innan rekkevidde.
– Kor ser du Putin om fem år?
– Han kjem ikkje til å døy på post. Han vil få moglegheit til å gå av. Krigen har kome imellom, men når det er val, vil eit ordna maktskifte igjen bli eit prioritert spørsmål.
– Korleis har bildet ditt av Putin endra seg i løpet av arbeidet med boka?
– Når ein kartlegg livet til eit menneske, oppdagar ein alt mogleg uventa. For eksempel har Putin god humoristisk sans, han er glad i kvinner. Når han føler for det, kan han uttrykke seg veldig vulgært, i andre tilfelle nyttar han eit klassisk, elegant og litterært farga russisk, heilt framandt for måten forgjengarane hans snakka på. Men i løpet av dei åtte åra eg har jobba med boka, så har også Putin sjølv endra seg, synet hans på Vesten, demokrati og mange andre ting. Det er ein viktig del av boka.
Retningsendringa vart tydeleg etter presidentvalet i 2012. Putin verka då ikkje lenger å sjå noko poeng med å prøve å kome motstandarane sine i møte, verken innanriks eller utanriks. Som han sa ein gong, då skulelæraren hans utviste han fordi han stadig hamna i slagsmål: «Det finst folk som verken kan eller vil forstå, kor mykje du enn forklarer. Det einaste dei forstår, er styrke.» Dei omfattande regimekritiske demonstrasjonane, som eigentleg peika mot ei politisk mogning, vart møtt med gamle sovjetiske refleksar. Det vart statuert eksempel, som i rettssaka mot Pussy Riot. Vidare skulle regimet finne støtte hos dei «ekte russarane», det vil seie befolkninga i småbyar og på landsbygda, heller enn blant den liberale mellomklassen i storbyane.
Ekstremistlovene som vart innført i 2015, har blitt brukt for å knuse all organisert opposisjon. Sensuren har gradvis blitt hardare. Tidlegare var trykte medium relativt frie, mens TV var kontrollert. Men litt etter litt har uavhengige aviser og menneskerettsorganisasjonar blitt tvinga til å legge ned. Skiftet kan seiast å bli gestalta i Putins årlege og direktesende telefonvakt, der vanlege borgarar tidlegare kunne ringe inn og seie kva enn dei hadde på hjartet. I starten var det usannsynleg fritt, nesten kven som helst kunne kome gjennom. I dag er det heile fullstendig iscenesett, med på førehand regisserte og passe kritiske samtalar. Konsekvensen er at mange russarar berre har tilgang til statleg propaganda, utkledd som journalistikk. Det er også ei delforklaring på den folkelege støtta som Putin framleis har.
– Avslutningsvis, kva er det som sameinar dei fire du har skrive om – Mao, Pol Pot, Mitterrand og Putin? Og kva bok var vanskelegast å skrive?
– Utan tvil den om Putin, ettersom han er ein såpass omstridt person. Utfordringa var å skrive ei bok for dei som hatar Putin, utan å falle for freistinga til å beskrive han som ein moderne Hitler. Felles for dei fire eg har skrive om, er at dei er komplekse personar og at dei på ein måte kroppsleggjer sine lands samtidige strider og motseiingar. Når ein skriv om Mao, har ein å gjere med ein eksepsjonell person, ein som omdanna landet sitt på ein måte få andre har gjort i historia, men ein skriv samtidig om Kina. Det er det same med Mitterrand og Pol Pot, dei hadde liv som var filtra saman med sine lands historie. Slik er det også med Putin.
Kva han enn er, så er han russar på botnen. Ideen om at alt kjem til å bli fantastisk berre han forsvinn, er berre tøys, er eg redd. Han er og blir populær fordi han kroppsleggjer ein stor del av befolkninga sine håp, redsler og kompleks. Å skrive om Putin er å skrive om Russland, men det er også eit forsøk på å trenge inn i ein svært komplisert og vanskeleg person. Det er jo også det ein biograf ønskjer seg – skal ein vie åtte år til å prøve å forstå nokon, så bør det jo vere nokon som er interessant! Kva Putin gjer og korleis Amerika og Europa svarer på det, kjem ikkje berre til å påverke våre liv, men også livet til barna våre.
Omsett av Runa Kvalsund