Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Møkk

  • Det luktar pengar, seier folk i landbruksbygdene når bøndene spreier møkk om våren. Møkka frå husdyra hopar seg opp i store mengder i kjellarar eller digre basseng gjennom vinteren, og naturgjødsel må til for å gje gode avlingar, bondeinntekter og mat på bordet. Slik er naturens kretsløp, og då får det heller lukte litt stramt ei veke eller to før våronna.