Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mørket i spegelen

– Gratulerer som månadens poet! Kvar kom dette diktet frå?

Dette diktet er temmeleg nihilistisk, og sånn sett ikkje typisk meg. Eg har i periodar slite med den psykiske helsa, og vore på ein veldig mørk stad, og ein god del av det eg skriv handlar om å bearbeide det. Likevel prøver eg alltid å legge inn eit håp, eg vil gjerne at den som les skal sjå at det finst lys. Men denne gongen let eg det stå slik. Sjølv synest eg ikkje at akkurat dette diktet er mitt beste – eg skreiv det på eit kvarter! Samtidig er det ein tematikk eg har jobba veldig mykje med, så det er vel 10 000-timarsregelen som har slått inn.

– 10 000-timarsregelen?

Altså Malcolm Gladwells tanke om at alle kan bli verdsmeister berre dei brukar nok timar. Eg trur veldig lite på talent. Ingen blir fødde verken som poet eller statsminister. Men ein har evner i ulik retning, og dei som er heldige finn si greie. For meg er det dette med å ha ein idé, og kommunisere den, eg er god på. Eg har vore musikar og låtskrivar på hobbybasis lenge, og så byrja eg for nokre år sidan å skrive meir lyrikk.

– Musikken og lyrikken har jo mykje felles – eller kva meiner du?

Absolutt. Eg har til dømes skrive ein diktsyklus som handlar om å vekse opp i Grenland, som eg også gjer som hiphop. Elles går skilnaden for meg mest på form, når eg skriv låtar brukar eg enderim, det gjer eg ikkje så ofte når eg skriv dikt. Dei er meir frie i forma og stort sett ganske konkrete.

– Juryen trekker fram dobbeltgjengar-motivet i diktet ditt. Har du nokon tankar om det?

Det å rette fingeren mot han i spegelen kjendest for meg mest som eit triks, eller til og med ei ansvarsfråskriving. Det var eit verkemiddel som oppstod der og då, utan baktankar.

– Les du mykje dikt?

Eg er ein ganske overfladisk diktlesar, men no som eg er litt i faget les eg meir. Debutsamlinga til Bertrand Besigye, «Og du dør så langsomt at du tror du lever», var viktig då eg starta på 1990-talet. Eg les også ein del eldre poesi, og mange av dei publiserte poetane på Diktkammeret, som Ole André Lie, han har vore ein inspirator.

– På kva måte?

Som meg så skriv han mange ulike typar poesi, og han er ikkje redd for å skrive for vanlege folk. Det er ikkje så lett for forlaga å vite kva dei skal gjere med sånne som oss alltid. Eg postar også dikta mine på Tiktok, og der dukkar det opp yngre folk som synest det er kult. Lyrikk som form fungerer bra i verda vi lever i no! Då eg var ung på nittitalet var det ganske sært viss du sat og las dikt, no er forma meir levande. Den generasjonen som veks opp no får mykje pes for å vere tynnhuda, men dei er gode til å snakke om kjenslene sine og vere opne, og det er bra for å setje pris på lyrikk.

– Godt observert! Heilt til slutt: har du nokre ord om deg sjølv?

Eg er ein nørdete kar med hjartet på utsida, som gjer så godt han kan.

Han andre

Han andre gjømmer brillene mine
i hylla der jeg aldri legger no
i huset jeg pleide å bo i
i gata der ingen finner fram
i byn der ingen sover
i landet som heter no aent nå

På en fremmed planet
der FOLK FLEST bor

Han andre forbanner
uspesifiserte handlelapper

(Hva faen er NOEN bananer?)

Han er helt sikker på at alle ser like ut
og heter det samme
og er like interessert i synthesizere
og nøyaktig hva du gjorde i går
og har satt av en time eller så når
de spør: «Åssen gåre?»

Han ser ikke hvor farlig
han er for folk som
ikke gjør det de sier
eller hvor vanskelig
røddinga blir om morran
når kosten er vekk
og brillene er vekk
og øreproppane er vekk
og ladern er vekk
og folka er vekk
og håpet er vekk

Håpet trur jeg egentlig
forsvant første gang
jeg blei obs på at
i speilet mitt
haddere stått en
jævel hele tia

Blind og innful
med høyt heva

langfinger

Han er det eneste
i universet
jeg hater

Thomas Herlofsen

Juryens kommentar: «Mennesket er aldri aleine: sjølvmedvitet gjer at det alltid finst to Eg i rommet», skreiv forfattaren Jean Paul. Denne innsikta, som Thomas Herlofsen her skildrar så herleg munnleg og direkte, og som han samstundes borar så djupt i, er eit stort og mangfaldig emne i litteraturen og psykologien. Om ein kallar fenomenet «doppelgänger» som Jean Paul Richter, eller «skuggen» som Carl Gustav Jung, så dreier det seg her om sider ved ein sjølv som har mørkare og uhyggelegare eigenskapar. Herlofsen har sin eigen innfallsvinkel til tematikken, og han får først og fremst diktet til å swinga, skifta og leva. Han trekkjer fram ei rekkje irriterande sider ved denne demoniske energien som heile tida dukkar opp og tek over styringa av livet, og øydelegg for utforminga av denne eine og eintydige som ein så gjerne skulle vore. Ein får liksom aldri slå seg til ro, får aldri fred for denne doble eksistensen. Det som likevel er frigjerande sterkt og uvanleg, er at poeten her, i staden for å fornekta Den andre og projisera all faenskapen på nokre som står lagleg til som syndebukkar, peikar attende på peikefingeren som er retta mot han i spegelen, og seier: «Han er det eneste/i universet/jeg hater».