Dan Børge Høvik driv gard på jorda til det som før var 20 gardar. Om han legg ned no, er det ingen att til å ta over. – Dette jordbruksoppgjeret har alt å seie, meiner han.

Statens draumebønder slit

Dyre venner: Bonde Dan Børge Høvik har eit godt forhold med leigetakarane sine, men dyra betalar ikkje husleiga godt nok.

Heilt nedst i Eksingedalen står ein stor raud og grå lufthangar. Utanfor står ein høgreist mann i kjeledress. Men i lufthangaren er der ingen fly, og mannen er ingen flygar. Dan Børge Høvik er bonde, og inne i hangaren bur det til saman 180 dyr.