OPPROP: Aps fylkesordførarar ber Jens Stoltenberg gå inn for samferdslereform, slik Aps landsmøte vedtok i fjor.
Arbeidarpartiets fylkesordførarar er leie av at jarnbanelinene og vegane gjennom fylka deira får større og større vedlikehaldsetterslep, og at opprustinga skjer i rykk og napp. No ber dei statsminister Jens Stoltenberg droppe motstanden mot nye, meir langsiktige finansieringsmåtar.