Og dette liv er eit åtti kvadratmeters liv.
Ein stad bryt havet grønkvitt mot moloen
og jagar skuter i drift.
Men ikkje i dette åtti kvadratmeters liv.
Eg veit av olje på sjøen
som bind svaners vengeflukt.
Elektrisk tråd rundt hingstar på beite –
Eg veit av kvite menneske på vakt
ved syrinbusken:
Den som elskar må døy!
Eg ser dei visne fingrar peikande ut frå kvadratet
Sjå! Menneske ler høgt
og føder barn før ni månader er omme!
I mørkret spring min lekam
ut av sitt kvadrat.
Eg finn meg ør og drukken mellom violette
syrinar
og på våt brustein i gater utan namn – –
Eg vandrar langs jernbanespor
der maur kryp og storkenebb gror
blått og frekt – –
Mi sjel er ein song til natta den
nådige – – –
og min song er ei hymne til det store liv
på vår vesle klode –
som veit av blod og eld og dødningeskallen
attom kvar maske –
Som eit av lys frå den minste stjerne,
fjernt i eit ukjent system – –
som veit av jungelens brøl kring gudars angande altar –
og muslingen djupt i havet.
Det liv som ikkje er eit åtti
kvadratmeters liv.
Marie Takvam (1926-2008) er en norsk forfatter av dikt, romaner og skuespill. Hun debuterte med diktsamlingen Dåp under sju stjerner i 1952. «Åtti kvadratmeter» ble trykket i «Signal» (1959) og i Samlagets «100 beste dikt» (1999).