Solveig Aareskjold
Ryggmargsrefleks
Då eg var elleve år, tapte mor kampen om å halda meg unna hesteryggen, og deretter gjekk det i galopp. Farfar fortalde meg at når jokeyane på Øvrevoll datt av, rulla dei seg saman og trilla bortover som ein ball. Det tenkte eg mykje på, og første gong eg blei kasta av, landa eg på høgre skulder og gjorde nett som farfar hadde sagt. Det tok eg som eit teikn på at eg utan fare kunne setja meg opp på kva hest eg ville.
Eg har sett dyktigare ryttarar slå seg forderva fordi dei prøvde å koma ned på beina, og datt langflate i staden. Men om det er ein medfødd refleks, eller ei atferd som eg la meg til i ein formbar alder etter kloke råd frå ein som visste kva han snakka om, det får eg nok aldri vita.
Ingen av dei jentene eg kjende, brydde seg om hestar, så eg måtte utanom skulekrinsen for å finna ei eg kunne ri saman med. Ti år seinare var det blitt reine folkesporten.