Ei dryg veke før fristen har Bjørnar Moxnes enno ikkje sagt om han vil halde fram på Stortinget. Fleire profilar vil ha han med vidare.

Tryglar Moxnes om å bli verande

UKLART: Det er framleis uklart om Bjørnar Moxnes held fram på Stortinget. Her er han fotografert på stortingskontoret sitt. Foto: Christopher Olssøn

Innan 15. mai må dei som ønskjer å stille til val for Raudt i Oslo, gje beskjed til nominasjonsnemnda. Tidlegare partileiar Bjørnar Moxnes har enno ikkje avklart om han tek fire nye år.