Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Industri- og næringspartiet gjer det stadig betre på meinings­målingane. I Bergen trur dei på medvind nasjonalt og eit folkeparti i fritt fall.

Nykommar har vestavind i ryggen

Venner: Ann Jorun Hillersøy i INP og Stein Ove Hansen i Folkets parti deler både standplass på Torgalmenningen i Bergen og mange politiske meiningar.

– Dokker rir på den bølgja vi hadde sist.

Stein Ove Hansen i Folkets parti rettar ei venleg, men anklagande hand mot Ann Jorun Hillersøy i Industri- og Næringspartiet (INP).

Medan Folkets parti gjer det like dårleg som forgjengaren Bompengepartiet gjorde det bra førre val, ligg INP til å hamne på vippen i haustens val.

Ved BT si førre valmåling fekk INP 5 prosent oppslutning i Bergen, som kan gi dei makt til å bestemme kva blokk som hamnar i posisjon. I andre kommunar i Vestland fossar dei fram på meiningsmålingane. Meiningsmålingar gjort av Infact i 26. august gav INP 8,4 prosent i Bømlo, samt gode prosentar i industrikommunane Fitjar (4,4), Stord (7,2), Kvinnherad (14) prosent og Ullensvang (12).

Protestpartiet

Ved førre kommuneval fekk Bompengepartiet inn overraskande 14 mandat i kommunestyret. Men no har eit nytt protestparti kome. Men INP vil helst ikkje bli stempla som eit protestparti. For det første fordi dei har eit breitt partiprogram. For det andre har dei kome for å bli.

– Vi har kome opp med eit ord som passar godt, og det er oppgjersparti og ikkje opprørsparti, seier Hillersøy, som toppar lista for partiet både i Bergen og Vestland.

Det dei skal ta eit oppgjer mot, er alt som ikkje er bra. Og i Bergen er dette vedtaket om å legge bybanen over brygga. Dette er også det dei fleste som stoppar innom, vil snakke om.

Trass i gode målingar den siste tida tar ikkje Hillersøy det som ei sjølvfølge at ho kjem inn i kommunestyret eller på fylkestinget.

Olje, industri og natur

Fleire er innom standen i løpet av ettermiddagen. Fleire av dei er INP sine representantar frå andre stader i fylket. Gunnar Helleland har tatt ein pitstop på veg heim til Kvinnherad frå Nordsjøen, der han leier lokallaget.

– Det er Hydro. Dei driv og masar om vindkraft. Det handlar om nytt straumnett, som vi vil legge i fjorden. Vi vil ikkje øydelegge bygdene våre, seier Helleland.

Han trur partiet treffer veljarane som vil verne naturen mot utbygging, men som framleis vil fortsette med olje. Naturen skal ikkje gå på bekosting av tiltak for å redde klimaet.

– Vi vil ikkje ha symbolsk klimapolitikk som ikkje fungerer, legg Hillersøy til.

I kva grad klimaendringane faktisk er menneskeskapte, er dei usikker i, trass i at dei aller fleste forskarar er einige i at menneske har ei viktig rolle.

– Forsking handlar ikkje om konsensus. Du kan ikkje hevde det eine eller andre.

Dette har ført til at dei blir frosse ut av media og andre politiske parti, seier Hillersøy. Men det bryr dei seg lite om.

– Det er det som er så bra med å bu i Bergen. Du blir vasstett. Det prellar av, seier Hillersøy.

Få fellesnemnarar

Yngve Flo, professor i politisk historie ved Universitetet i Bergen, seier det er vanskeleg å seie kvar INP gjer det godt, og kvifor.

– Dei gjer det veldig skarpt i Ullensvang, der industrien står sterkt. Men dei gjer det også bra her i Bergen. Det er i veldig ulike kommunar dei gjer det bra, seier Flo.

«Dei har ambisjon om å kome for å bli.»

Yngve Flo, politisk professor UiB

Her i Bergen gir motstanden til Bybanen over brygga ein sterk appell, der dei fleste parti har lagt saka død, meiner Flo. Han er også einig i at ein del av veljarflukta frå Bompengepartiet har landa hos INP.

– Det at Bompengepartiet gjorde det så spektakulært bra for fire år sidan, og så spektakulært dårleg i etterkant, gir eit mogleg tomrom, seier Flo.

I ein by som Bergen har INP noko av det same opprørske som viser fingeren til det politiske systemet, meiner professoren. Samtidig er ikkje INP eit tradisjonelt protestparti.

– Både ja og nei. Dei har ambisjon om å kome for å bli. Dei har lagt ned mykje arbeid i det organisatoriske og den erklærte strategien om at dei skal inn i kommunestyret for å lære, seier Flo.

Tar lærdom

Det som blir spennande å sjå, er om INP følgjer Bompengepartiet sin skjebne, eller om dei overlever dei neste fire åra, meiner Flo. Blir dei eit «One hit wonder», slik som Bompengepartiet?

– Spørsmålet er om organisasjonsarbeidet er godt nok til å halde seg samla, og om dei har ein einsidig profil innad i kommunane og på tvers av kommunane, seier han.

I tillegg meiner han dei kan gjere seg ei bjørneteneste, ved at dei fleire stader har sagt dei vil stille seg på sida av politikken og avstå i val av ordførar og konstellasjonar.

– Mykje av politikken blir avgjort til å begynne med. Viss ein har sagt ein skal vere i opposisjon og sagt frå seg maktmidlar, sei ein også frå seg veljarane si moglegheit til å omsette stemmer til makt, seier Flo.

Noko av det som felte Bompengepartiet, var nettopp at dei ikkje fekk gjennomslag for sakene sine slik som oppslutninga tilsa, ifølgje Flo.

Ved standbodene i Torgallmenningen er både INP og Bompengepartiet einige i at INP har noko å lære av feila Bompengepartiet gjorde som ferskt parti.