- Ganske mange av barndomsminna mine er knytt til fotball. Heldige sigrar og knappe tap, idiotiske sleivspark og mirakuløse mål. Ein gong skåra ein på laget mitt eit heilt spektakulært sjølvmål, og då vi møtte motstandarlaget att eit halvår seinare, skåra dei eit så godt som heilt likt sjølvmål. Det hadde vore artig å ha på video. Dei siste åra har mange cupar for barn og unge sendt videostraum direkte ut i lokale nettaviser. Men i går sette Norges idrettsforbund foten ned og seier nei til å filme og strøyme videoar av barn og unge under 15 år.
Filming
Dagboka