Anders Ericson har delt denne artikkelen med deg.

Krig: Litteraturen kan trekke linjer både framover og bakover i historia.

Bøker og boikott

Den internasjonale boikotten av Russland etter landets invasjon av Ukraina har raskt blitt svært omfattande – til og med i det tradisjonelt nøytrale Sverige. Men sjølv om oppslutninga er massiv, har nokre sider ved boikotten også blitt tatt opp til diskusjon.

I Sverige har det til dømes vekt oppsikt at meieriet Arla har slutta å selje kulturmjølkeproduktet kefir. Kefiren er fullt og heilt framstilt i Sverige av svenske råvarer, men på pakninga er det ei teikning av kyrkjebygningar med løkkuplar. Ifølgje Arla inneber det at produktet blir «assosiert med Russland» på eit vis som ikkje er sett på som «passande under desse omstenda». I akkurat dette tilfellet er det altså det russiske allment sett som er sett på som eit problem, ikkje den russiske staten sine brotsverk i form av det militære åtaket på Ukraina og den russiske stridsmakta sine brot på krigsretten gjennom åtak på sivile.

FRAMSYNT: Cassandra blei mistrudd då ho spådde krig. MÅLERI: EVELYN DE MORGAN, «CASSANDRA» (1898)

Innanfor litteraturen resonnerer ein likevel stort sett annleis i Sverige. I staden for å distansere seg frå det russiske, slik ein har gjort i ein del andre land, har ein søkt dialog. Eit døme er den nyleg gjennomførte litteraturfestivalen Littfest i Umeå, som arrangerte ein samtale om ytringsfridom i Russland der den russiske forfattaren Ljudmila Ulitskaja deltok. Nokre dagar seinare deltok ein annan russisk forfattar, Maria Stepanova, i ein samtale med den svenske poeten Ida Börjel under Uppsala internasjonale litteraturfestival.

Det er ei klok haldning. Å demonisere eit land og ein kultur er farleg, fordi det gjer vegen til framtidig fredeleg sameksistens – og kanskje forsoning – vanskelegare. Og historia viser faktisk at nettopp litteraturen kan vere noko som hjelper oss til å sjå det komplekse i ein situasjon der statar står hardt mot kvarandre som fiendar.

Under den andre verdskrigen blei eksilforfattarar som Thomas Mann og Bertolt Brecht symbol for at det tyske ikkje kunne reduserast til nazismen. Og etter krigen kom diktarar som Goethe og Schiller til å bli emblem for det Tyskland som blei forrådt av nazismen – det som hadde gått under og som no skulle gjenreisast og nyskapast. (Eit interessant døme er at dei blei avbilda på frimerke i alle okkupasjonssonene som Tyskland blei delt inn i etter krigen.)

«Å demonisere eit land og ein kultur er farleg.»

I ei tid dådet russiske risikerer å bli synonymt med landets krigføring, er det lurt å minne seg sjølv om at russarane også har skapt stor litteratur. Ein annan grunn til å vere glad for at russlandsboikotten i Sverige ikkje har omfatta litteraturen, er at den er ei viktig kjelde til kunnskap om konfliktar og konteksten til konfliktane. Ved Universitetet i Tübingen samarbeider litteraturforskarar med militæret for å forsøke å føreseie framtida, med hjelp av analysar av ulike lands litteratur. Prosjektet har fått namnet Cassandra, noko som må seiast å vere litt merkeleg. For visst kunne ho føreseie framtidige hendingar, men ho blei jo aldri trudd! Ein av spådomane frå prosjektet har faktisk vore at konflikten mellom Russland og Ukraina skulle eskalere og at den kunne bli svært valdeleg.

Sjølv vi vanlege lesarar kan lære mykje om verda gjennom litteraturen. Først og fremst kan vi trenge djupare inn i dei politiske, eksistensielle, sosiale og historiske samanhengane som dagens dramatiske hendingar hentar næring frå. Det er særleg viktig i ein situasjon som er prega av intens propaganda.

Det er gledeleg at ein no jobbar på høggir ved mange bibliotek for å løfte fram ukrainsk litteratur. For flyktningar kan denne litteraturen fungere som band til den normaliteten som har blitt knust av krigen, og til den kulturen som er trua av dei som hevdar at Ukraina er ein kunstig nasjon.

Det er like fullt viktig å forstå at litterære verk alltid overskrid slike nasjonale samanhengar.

Det faktum at litteraturen sidan 1800-talet jamleg har blitt mobilisert i nasjonalismens teneste, er det god grunn til å setje seg imot. Det er ikkje minst difor det kjennest håpefullt at den massive kritikken i Sverige mot Russlands krigføring i Ukraina til no ikkje har ført til nokon boikott av den russiske litteraturen.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production