Bevegelse
- Denne veka la Aps kunnskapsutval fram resultatet av sitt arbeid. Månader med hardt arbeid skulle presenterast, og infoavdelinga i partiet hadde flittig klypt opp programmet i bitar som redaksjonane skulle få. Og vi stilte opp: Nationen skreiv om korleis Ap ønskte ei ny skogsatsing. I Aftenposten kunne vi lese at partiet vil ha fleire elevsamtalar i skulen. Denne avisa laga eit stort oppslag om at sosialdemokratane går for meir yrkesretting av skuleløpet frå fyrste trinn. Dagsavisen slo opp at kritisk tenking no skal bli ein eigen grunnleggjande kunnskap i skulen (ei sak Dagbladet.no slo opp kvelden før, og det kan sjå ut til at dei har fått tilsendt heile dokumentet). Bergens Tidende er Vestlandets største avis, og fekk derfor saka om at Ap vil gje meir statlege midlar til berekraftig vekst i havbruksnæringa, medan NRK laga sak om at Ap (endeleg) går inn for det gamle SV- og KrF-kravet om bemanningsnorm for lærarar. Men sjølv om kvar artikkel i seg sjølv er god, gjev summen eit inntrykk av journalistar (meg sjølv inkludert) som spring i flokk. Det er aldri vakkert.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn