Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Boklovstilen

PARADOKS: Dei som prisar friprisveldet, har ikkje forstått det, skriver Lars Ove Seljestad.

Det er eit merkeleg spel som akkurat no går føre seg om norsk litteraturpolitikk. Den noe underlege konstellasjonen ein kulturredaktør i Aftenposten, ein direktør i Konkurransetilsynet og ein forskingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er blitt markedskapitalismens faneberarar i kampen mot ei norsk boklov.