Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nei takk, herr president

Etter krigen i 1967 vedtok den israelske regjeringa å riva grensemarkeringane som skilde Aust - og Vest-Jerusalem, og annektera dei palestinske områda i den austlege delen av byen. Den israelske regjeringa venta seg eit omgåande amerikansk press om tilbaketrekking frå dei erobra territoria, og skunda seg difor å ta kontroll over dei. Presset kom aldri. Forventninga om amerikansk press baserte seg på tidlegare røynsler. I 1956 tvang USA Israel til å trekkja seg attende frå Sinaiørkenen til den internasjonale grensa i løpet av tre månader. I 1967, derimot, kom det overraskande nok ingen slike krav. Snarare tvert i mot. Amerikanarane tillét Israel å byrja å byggja bydelar i Aust-Jerusalem, og busettingar på Vestbreidda, Golanhøgdene og i Sinai. Det mangla ikkje berre press om tilbaketrekking, Israel fekk også ei sjenerøs, årleg økonomisk hjelp på tre milliardar dollar, som hovudsakeleg gjekk til å subsidiera amerikansk våpenindustri.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen