Statsvitar Øyvind Østerud meiner det lokale folkestyret er alvorleg svekka dei siste tiåra. Leiaren for den statlege Makt- og demokratiutgreiinga teikna eit dystert bilete under sitt foredrag for Kommunalkonferansen til LO på Øyer i går. Østerud peikar på fleire symptom: ■ Låg valdeltaking. I siste kommuneval røysta 61 prosent, i 1963 deltok 81 prosent i lokalvalet. ■ Færre partimedlemmer. Talet er halvert på 20 år. ■ Færre stiller til val. Det er vanskeleg å fylla partilistene, to tredelar forsvinn ut etter kvar periode i kommunestyret og vil ikkje stilla på ny. ■ Frå borgar til brukar. Undersøkingar viser at langt færre ser seg sjølve som deltakarar, vi blir brukarar av tenester framfor borgarar i eit demokrati. Østerud understreka at Stortinget dei siste 20 åra har gjort fleire og fleire område av velferden rettsbasert. Vi har fått pasientrettlov, lov om sosiale tenester, barnevernlov og så bortetter.