Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skal modernisere viltlova

VILT: Regjeringa har bestemt at den 40 år gamle viltlova skal moderniserast. – Ho skal byggje vidare på det som fungerer godt, men må òg ta høgd for teknologisk utvikling, nye utfordringar og samordning med andre regelverk, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) vil ha ei lov i tråd med dagens prinsipp om forvaltning av naturmangfald, men som gjer forvaltning av vilt meir oversiktleg og føreseieleg. Dei med interesser vil få høve til å kome med innspel. Lova har som mål at viltet og leveområda til viltet skal forvaltast slik at produktiviteten i naturen og artsrikdomen blir bevart.©NPK