Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nobelprisvinnar Peter Handke kallar no Srebrenica-massakren «folkemord»:

Handke angrar

KLARGJER: Peter Handke presiserer sitt syn på Srebrenica. Her fotografert i oktober, etter at nobelprisen vart annonsert. FOTO: FRANCOIS MORI, AP/NTB SCANPIX Francois Mori

Peter Handke kjem med ei sjeldan presisering og ei orsaking, på vilkår.

«I 2006 skreiv eg: ‘Srebrenica er det verste brotsverket mot menneskeætta i Europa etter krigen.’ Eg vil gjerne leggja til at folkemordet sjølvsagt førte til uendelege lidingar, som eg aldri har nekta for, eit elende som ikkje let seg stryka ut, og eg angrar på utsegnene mine om dei skulle ha formidla noko anna.»