Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kritiserer bemanningsnormene

BUDSJETT: Bemanningsnormene som regjeringa har innført, gjer det vanskelegare å få inn andre fagfolk i barnehagar og skular, meiner rådmann Morten Wolden i Trondheim. Han la i går fram budsjettforslaget sitt for den nye kommunen, som vil bestå av Trondheim og Klæbu frå nyttår. Han er ikkje er glad for bemanningsnormene. – Vi får ikkje den fleksibiliteten vi treng. Det blir ikkje plass til andre yrkesgrupper med sosialfagleg kompetanse, seier Wolden ifølgje Adresseavisen. Mellom anna er det i barnehagen sett krav til kor mange vaksne det skal vere per barn. Lærarnorma seier at det maksimalt skal vere 15 elevar for kvar lærar på 1. til 4. trinn. ©NPK