Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arne Paasche Aasen var viktigare for den norske arbeidarrørsla enn Karl Marx, meinte Reiulf Steen. Kvifor er han då gløymt?

Ein revolusjonær slager-dandy

DYKTIG TALAR: Arne Paasche Aasen vart mykje brukt på politiske arrangement i Arbeidarpartiet. Her under på Youngstorget mot slutten av 1930-åra. Alle foto er frå boka. Ukjent

Arne Paasche Aasen var diktaren som sa ja til partiet. Ein ny biografi fortel om mannen som samla arbeidarrørsla i song.

– Arbeidarpartiet synest kanskje ikkje det er så hyggeleg å snakka om si revolusjonære fortid. Epoken som kommunistparti kjem ein nemleg ikkje unna om skal fortelja om Arne Paasche Aasen, seier biograf Arild Bye, som svar på kvifor Ap har gjort så lite for å halda levande minnet om «husdiktaren».