Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Cuttings

  • Det går for tida ein debatt om frisørkjeda Cutters. Dei sel hårklipp til 299 kroner, same kva kjønn du har. Du treng ikkje tinge time, klippen tek 20 minutt og du treng ikkje betale for hårvask. Perfekt? Det synst ikkje alle. NHO gjekk i vinter ut og kravde at det skulle vere forbode å tilby klipp utan hårvask. Ettersom eg lever etter slagordet «inkje menneskeleg er meg framand», tok eg turen til Cutters.