Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Olje: «De beste intensjoner» er ei innsiktsfull og grundig bok om norsk olje- og klimapolitikk.

Dragkampen

Dagane før 17. mai 2014 var opposisjon på Stortinget, inkludert dei to støttepartia Venstre og KrF, i ferd med å ta innersvingen på regjeringa med eit oljepolitisk kupp. Med Vandrehallen som kulisser sto politikarane frå dei fem partia på rekke og kravde at alle dei nye plattformane som skal settast i produksjon på Utsirahøgda i Nordsjøen, skal drivast med elektrisitet frå land i staden for gasskraft. Det er høgst uvanleg at opposisjonen kjem med slike krav til oljeselskapa på det tidspunktet som her var tilfelle. Etter at ein konsesjon er tildelt er det Olje- og energidepartementet som kjem med krav til oljeselskapa, før dei sender inn Plan for utbygging og drift (PUD) til Stortinget.