Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I nazitida tok tyskarane metamfetamin slik nordmenn tek tran.

Eit folk på dop

«Breaking Bad» er tittelen på ein amerikansk fjernsynsserie om ein kjemilærar som prøver å løysa dei økonomiske problema sine med å koka metamfetamin. Norman Ohler, som har skrive boka «Hitlers rus. Folk og fører på dop», meiner at tittelen høver like godt på åra 1933 til 1945 i Tyskland. Der òg skjedde det ei vending frå fattigdom til kriminalitet. Og dopet blei produsert på vitskapleg basis i statleg regi.