Opprør på loftet

Det er mykje å lære av å besøke studentar i praksis. I vår kom vi inn i ein teiknesal på loftet i ein ærverdig gammal storbyskole, to studentar og eg. Elevane sat midt i eit møte – tillitseleven refererte fra siste elevrådsmøte. Stemninga var amper. Den store saka dreide seg om at ikkje alle elevane fekk vere inne i friminuttet. Kantina var ikkje stor nok. Elevane på loftet syntes det var urettvist. Argumentasjonen om at skolen skal bygge, og få ny, stor kantine, syntes dei ikkje var haldbar. «Kan vi ikkje berre storme inn i kantina og sette oss ned til rektor gir seg, da», var det revolusjonære forslaget fra nest fremste benk. Direkte aksjon.