Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nordisk film må gå nye vegar for å nå dei unge, ifølgje direktør i Nordisk film og tv-fond:

Satsar på nordisk film

Satsar millionar: Direktør i Nordisk film og tv-fond, Petri Kemppinen, lans erer tiltakspakke for nordisk film.

Det blir mindre nordisk film på kino. Petri Kemppinen i Nordisk film og tv-fond satsar 3,5 nye millionar for å nå publikum. Vil nasjonale institusjonar følgja opp?

– Min eigen generasjon har vakse opp med ei interesse for og ein kjærleik til det nordiske, men blant yngre er det nordiske perspektivet uvand. Difor må vi tenkja nytt, seier Petri Kemppinen, direktør i Nordisk film og tv-fond.