Dagboka
Kansellert
Førre fredag møtte Mikkel Ihle Tande i Subjekt, musikkjournalist i NRK Thomas Felberg og forlagsredaktør i Minerva Linn-Aurora kvarandre Wengen i Bergen for å diskutere problematiske kunstnarar. Dei var einige i at vi treng Knut Hamsun, Michael Jackson og Kanye West for å forstå samtid og fortid, og at vi må stole på menneskets intellekt og evne til å skilje det kjipe frå det gode.
I debatten om kansellering, upopulære meiningar og korleis vi skal handtere eldre verk, kan det verke som om vår samtid har betre moral enn før. Men vi må ikkje gløyme at vår tid også er framvekst av ytre høgre og autoritære regime, der hovudproblemet ikkje er boikott av transfobar, men transhat. Ikkje kansellering av rasistiske verk, men rasisme. Ikkje at folk vender ryggen til mektige menn som Kanye West, men forfølging og drap av regimekritikarar.
Framleis går debatten om uttalen til FpU-leiar Simen Velle om at det er eit samfunnsproblem at mange menn ikkje får ligge, og at likestillingskampen er medskuldig. Velle måtte presisere at han verken meiner at kvinner har eit ansvar for at menn skal få seg noko, eller at menn taper på likestilling.
Vilde Gjerde Lied