Roger Christensen har delt denne artikkelen med deg.

Roger har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Statsbudsjett

LO refsar raudgrøne skattekutt

Ap, Sp, SV og Raudt vil bruke milliardar på skattekutt til vanlege folk. – Me støttar det ikkje, seier økonomisjefen i LO.

UEINIG: Sjeføkonom Roger Bjørnstad seier rett ut at LO er sterkt imot at parti på venstresida går inn for skattekutt til breie lag av innbyggjarane. Foto: Christopher OlssønUEINIG: Sjeføkonom Roger Bjørnstad seier rett ut at LO er sterkt imot at parti på venstresida går inn for skattekutt til breie lag av innbyggjarane. Foto: Christopher Olssøn

Det blir harde dragkampar når dei raudgrøne partia skal forhandle fram eit budsjett før jul, men på eitt område er det brei semje mellom venstresidepartia. Både Raudt, Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet går i sine forslag til statsbudsjett inn for å gje store skattekutt til vanlege folk.

LO er derimot heilt usamd. Sjeføkonom Roger Bjørnstad seier rett ut at LO meiner at prioriteringa er feil.

– Me støttar ikkje store skattekutt no. Me er uroa over at det set finansieringa av velferdsstaten under press, seier Bjørnstad.

I går skreiv Klassekampen om at Raudt vil bruke 17 milliardar kroner på å gje 75 prosent av innbyggjarane skattelette i sitt alternative statsbudsjett. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett foreslår Ap å kutte skattane med 4,3 milliardar kroner for alle som tener opp til 1,16 millionar kroner.

Også Senterpartiet og SV går i sine alternative budsjett inn for at folk skal sitje att med meir av pengane sine.

– Me har merka oss at dette er ein trend på venstresida no, og eg skjønar det ikkje heilt, seier Bjørnstad.

Treng pengane

Sjølv om dei raudgrøne partia kuttar i skattane til dei med vanleg lønsinntekt i sine forslag, så vil dei ikkje at det totale skattetrykket skal gå ned.

Raudt vil til dømes auke skattane for dei rikaste med 36 milliardar kroner. Samstundes går partiet inn for å senke skattane for vanlege folk med 17 milliardar. Bjørnstad tykkjer likevel at det er problematisk.

– Eit meir progressivt skattesystem er i seg sjølv bra, men me treng òg eit skattegrunnlag som kan halde oppe og styrkje velferdsstaten. Me veit at velferdsstaten kjem til å hamne under stadig større press grunna demografiske endringar. Då er det ikkje ei rett prioritering å bruke store summar på skattelette, seier han.

«Dette er ein trend på venstresida no, og eg skjønar det ikkje heilt.»

Roger Bjørnstad, sjeføkonom i LO

Han minner også om at det kan vere vanskelegare å få støtte i folket til å auke skattane enn å kutte dei, og difor kan slike store skattelette vere krevjande å reversere.

– Endringar i skattesystemet kan bli permanente. Det er heller ikkje ønskeleg med stadige endringar i skattesystemet.

Gir høgresida rett

Raudt argumenterer for at det er rett å gje skattekutt til vanlege folk fordi dei har fått dårlegare råd enn før.

Bjørnstad har sympati med dette, men tykkjer ikkje at det er eit godt nok argument.

– Det er rett at folk har fått dårlegare råd, og det er på grunn av renta. Det er ein mellombels situasjon som me trur og håpar at skal endre seg. Det å gjere store endringar i skattesystemet er eit meir permanent grep, seier han og legg til:

– Når det gjeld renta, tykkjer me at det er meir målretta å endre mandatet til sentralbanken, slik at dei skal leggje meir vekt på sysselsetting enn dei gjer i dag.

Bjørnstad seier at det kjem til å bli stadig meir krevjande å finansiere velferdsstaten framover, og at det er stadig dei svakaste i samfunnet som vil merke det.

Det meiner han er eit argument mot å gjere grep som svekkjer finansieringa til staten, slik som store skattelette gjer.

– Det er dei svakaste som har mest behov for velferdsstaten, og viss den ikkje blir finansiert, så er det dei svake som ryk fyrst.

Meir til fleire

Finanspolitisk talsperson i Raudt Mímir Kristjánsson seier at han rett og slett er usamd med Bjørnstad. Han peikar på at Raudt i sum vil auke skattenivået, sjølv om inntektsskatten blir lågare for folk flest. For Kristjánsson er det eit sjølvstendig poeng at partia på høgresida ikkje skal vere dei einaste som argumenterer for lågare skatt til vanlege folk.

– Eg vil ikkje hamne i ein situasjon der investor Jan Petter Sissener er den einaste som argumenterer for at lågløna arbeidsfolk og trygda skal ha meir av pengane sine sjølv, medan alle på venstresida vil at dei skal sitje att med mindre, seier han.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Politikk

Handel

Industrien åtvarar mot å straffe EU for metalltoll

Statsbudsjett

Sjeføkonom Jan Ludvig An­dre­assen meiner at venstre­sida vil tape arbei­dar­klassen om dei ikkje kuttar meir i skattane.

Statsbudsjettet

Klart krav til Støre