Kåre Johan Mjør har delt denne artikkelen med deg.

Kåre Johan Mjør har delt denne artikkelen

Bli abonnent
DebattRussland

Putins krigsretorikk

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS

I kommentaren «Fullstendig irrasjonell?» 11. april, som primært handlar om disputten mellom Benedicte Bull og Elisabeth Holvik om Donald Trump, er Bjørgulv Braanen også innom eit spørsmål som har vore oppe både før og under Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Er det «å forklare hvordan lederne i Moskva tenker» det same som å «legitimere russiske posisjoner»? Braanen nemner i denne samanhengen døme på Russlandsforskarar som har blitt utsett for slik kritikk.

Bull svarer Braanen 15. april, og på vegne av russiskfaget vil eg hevda at det bildet Braanen teiknar, kjennest noko oppkonstruert. Eg trur dei fleste her forsøker å forklara så vel som å forstå, og ofte med utgangspunkt i det Putin og andre nær han faktisk seier – når det er det mest relevante (å påstå korleis han «tenker», skal ein vera meir varsam med).

Rett nok kan ordet «forstå» ha to tydingar – ei som er nokså synonym med «forklara» («skjøna») og ei som er meir sympatisk, eller i det minste anerkjennande, kanskje også ­«legitimerande». Og det finst eksempel på at fagleg forklaring eller forståing kan nærma seg det ­sistnemnde. «Å hevde at Vladimir Putin ikke har noe å frykte, betyr jo ikke at han ikke gjør det», skriv Braanen. Nei, men spørsmålet er kva for «frykt» det her er tale om. «Fryktar» han at om Ukraina hadde blitt Nato-­medlem (noko som både var og er heilt ­hypotetisk), ville Russland blitt «omringa» og kanskje til og invadert, slik til dømes Irak blei det? Trass i landets atomvåpenarsenal og at landet alt grensar til Natomedlemmer? ­Kanskje – påstanden om at Vesten er ute etter å «splitta opp» Russland har lenge vore utbreidd, og det godt kan vera at Putin faktisk trur på noko av dette. Mange kommentatorar meiner at informasjonstilgangen til Putin dei siste ti åra har blitt meir og meir einsidig og konspiratorisk. Denne «frykta» kan dermed ikkje rasjonaliserast anna enn i lys av den forvrengte informasjonen han har fått. Eller oppsøkt.

Det er likevel meir sannsynleg at det Putin først og fremst «fryktar», er at Russland skal «tapa» Ukraina som ein nabostat som ikkje føyer seg og som viser at ei anna framtid er mogleg. Eit viktig belegg for ei slik slutning er det pseudo­historiske essayet hans frå 2021 «Om den historiske einskapen mellom russarar og ukrainar», i kombinasjon med kunnskap om at slike førestillingar har ei lengre historie. Som det kjem fram i Putin-biografien til Philip Short (2022), skal Putin alt under oransjerevolusjonen i 2004 ha sagt, i forfattarens omsetjing til engelsk: They are stealing Ukraine from under me (sic). Det er gode grunnar for å hevda at mistanken om Ukraina som ei plattform for vestleg konspirasjon retta mot Russland går tilbake til dette tidspunktet.

«Putins tale den 24. februar var like mykje ei indirekte krigserklæring mot Vesten»

Ein som nyleg har teke Putin på ordet og analysert ytringane hans, er slavisten Riccardo Nicolosi, professor ved universitetet i München. I den ferske boka «Putins krigsretorikk» frå 2025 analyserer han kva for mønster som finst Putins talar og tekstar, med særleg vekt på dei seinare åra, altså i forkant av og under fullskalainvasjonen av Ukraina. Eit gjennomgåande trekk er at Putins Russland alltid er eit offer – for Vestens manipulasjonar og intrigar.

Nicolosi viser korleis Putins doserande talar er kjenneteikna av det han kallar ein «paranoid, konspirasjonsteoretisk monokausalitet». I dette omgrepet ligg det at Putin konstruerer ei høgst selektiv forteljing om ei samanhengande kjede av vestlege overgrep mot Russland så vel som mot andre, frå brotet på «lovnaden» om å ikkje utvida Nato via operasjonar i ex-Jugoslavia, Irak, Libya og Syria til eit Russlands-kritisk styre i Ukraina. Dette har, stadig i Putins konstruksjon, ført til ein «unntakstilstand» i Carl Schmitt sin forstand, der Russland (Putin) er «nøydd» til å reagera – og bestemmer seg for å handla. Alt dette er ytra i sterk harme («ressentiment») og med eit ønske om revansj.

Putin kallar krigen sin for ein ­«spesialoperasjon» retta mot Ukraina, men i talen om morgonen den 24. februar 2022 handla det vel så mykje om Vesten. Som Nicolosi peikar på, gjekk det heile 16 minutt før Putin kom inn på Ukraina og Donbas. Sidan både journalistar, spaltistar og ­lesarbrevskribentar i Klassekampen likar å snakka om «Vestens ­proxy-krig», er det verdt å minna om at talen den 24. februar like mykje var ei indirekte krigserklæring mot Vesten.

Russland lukkast ikkje med det snøgge regimeskiftet i Ukraina som Putin såg føre seg, og medan han har halde fram krigen, har han supplert den opphavlege grunngjevinga si, som i seg sjølv var sprikande nok (Ukraina er historisk sett Russland og Vesten trugar Russland via Ukraina og Ukraina utfører folkemord på etniske russarar), med nye innslag: At det er ein «operasjon» for ein «meir rettvis» verdsorden, mot vestleg hegemoni og kolonialisme og for ei «multipolar verd». Det er dette som er Putins geopolitiske fantasi (Nicolosi: das geopolitische Imaginäre der Multipolarität). Og alt saman blir artikulert ved hjelp av den affektfylte krigsretorikken hans.

Oppsummert: Ytringar frå leiarane i Moskva er på ingen måte den einaste kjelda til kunnskap om Russland. Dette er særleg viktig å understreka etter den siste tids bomber mot Kryvyj Rih og Sumy. Det er like fullt ei viktig kjelde – når innhaldet blir analysert og kontekstualisert på ein kritisk måte.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan lett registrere deg med

Debatt

Russland

Willoch var kritisk

Eirik Sakariassen mistenker at tidligere statsminister Kåre Willoch (H) er tillagt oppdiktede holdninger (30. mai) rundt Natos ekspansjon østover, ettersom hans hobby er å holde rede på Willochs gjøren og laden. Klassekampen har selv sitert Willoch nettopp på dette tema, 27. februar 2015, sågar fra et seminar arrangert av avisa selv, og der Willoch er sitert med følgende: «Jeg er betenkt over den vestlige verdens gjentatte mangel på respektfor andre samfunns interesser, meninger og holdninger. Og jeg unnlater ikke å si, at når det gjelder behandlingen av Russland, så er jeg ikke fornøyd.» Og videre: «Jeg mener at når en skadet bjørn ligger rolig, så er det ikke nødvendig å stikke den med et spyd, og det var vel omtrent det man gjorde da man begynte å antyde at Natos grense skulle gå 500 kilometer fra Moskva. Hvis man hadde prøvd å sette seg inn i hvordan det ser ut fra den andre siden, så ville man skjønt at det ville vekke holdninger som ville bli vanskelig å håndtere.».

Klima

Svar til Marhaug og Marti­nussen

I Klassekampen dato.dato hevder Marie Sneve Martinussen og Sofie Marhaug at utslippene i Norge knapt har gått ned de siste årene. Det er feil. Fra 2022 til 2023 gikk de norske utslippene ned like mye som i hele perioden 1990 til og med 2022. Dette viser at politikken for å kutte utslipp begynner å få effekt. Vi ligger godt an til å klare omstillingen og klimamålene fremover. Nylig la regjeringen frem sin klimamelding for 2035. I meldingen følger vi opp Norges forpliktelser under Parisavtalen og fremmer et nytt og forsterket klimamål for 2035. For å kunne sette et høyt ambisjonsnivå for nytt klimamål, vil Norge bruke en kombinasjon av nasjonale utslippskutt, samarbeid med EU og kjøp av kvoter utenfor EU/EØS.

Sekstimarsdag

NHO tullar med tal

25 prosent auka lønnskostnader med sekstimarsdag? Det var eit viktig argument da NHO sin arbeidsdirektør, Nina Melsom, skulle forklara det urimelege og urealistiske i tanken om seks timars arbeidsdag, i ein diskusjon på NRK søndag 25. mai (Helgemorgon). Slett ikkje alle verksemder treng å auka lønnskostnadene med 25 prosent om dei reduserer arbeidsdagen til seks timar. Kvifor ikkje sjå på erfaringane frå Tine Heimdal, der sekstimarsdagen vart innført i nært samarbeid med tilsette og tillitsvalde? Endringar i arbeidsrutiner og pauseordningar gjorde at arbeidstida kunne forkortast utan fleire tilsette og utan nedgang i produksjonen, altså null auka lønnskostnader. Auka trivsel vart registrert, men er ikkje så lett å bokføra. Slik kan det gjerast i mange bedrifter, men sjølvsagt ikkje der den nærverande menneskelege arbeidskrafta er avgjerande, slik som innafor helse og omsorg. I barnehagar, sjukehus og sjukeheimar må det fleire tilsette til om arbeidsdagen skal forkortast. Til gjengjeld har forsøk med sekstimarsdag i barnehagar og i eldreomsorgen gitt god dokumentasjon av positive verknader.