Anja Ariel Tørnes Brekke har delt denne artikkelen med deg.

Anja har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ap-kollega Mani Hussaini let seg ikkje imponere over Jonas Gahr Støres lovnadar i straumpolitikken.

Gir Støre straumstryk

Klar plan: Mani Hussaini (Ap) meiner at partiet må gjere meir i straumpolitikken. Hussaini vil blant anna droppe nye kablar og EUs straumreglar. Foto: Siv Dolmen

Denne veka lanserte statsminister Jonas Gahr Støre fire grep som skal gjere at Ap skal kome på offensiven i straumpolitikken.

Grepa har allereie fått kritikk for å vere for puslete av Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, og no møter Støre motstand også i eigne rekker.

Mani Hussaini sit i energikomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet, og han trur at kraftpolitikken har hatt mykje å seie for at Arbeidarpartiet gjer det så dårleg på meiningsmålingane om dagen.

– Viss vi skal få truverdet tilbake i kraftpolitikken, må den norske befolkninga bli skjerma frå dei sinnssjuke prisane som dukkar opp. Vanlege folk, hytteeigarar og næringsliv – alle saman må bli skjerma, seier Hussaini.

– Eg meiner at det norske folk ikkje skal betale prisen for mislukka tysk energipolitikk. Vi er mange som føler at det er det vi gjer, når straumen kostar fleire kroner, medan det er fullt i vassmagasina våre.

Droppe kablar

Det har storma rundt partileiar Jonas Gahr Støre dei siste månadane, og det har verka som eit ope spørsmål kor lenge han skal leie Arbeidarpartiet.

Dei siste vekene har Ap likevel gått litt opp på meiningsmålingane, og med det siste straumutspelet håpar Støre å halde fram med å kare seg oppover på målingane.

Støre lovar å vidareføre dagens straumstøtteordning, redusere momsen på nettleiga, regulere kraftselskapa strengare og tilby fastprisavtalar på straum for hushaldningar.

Mani Hussaini meiner at det må meir til, men at det er mogleg å gå inn i valkampen med meir positivitet rundt regjeringa dersom ein to tek nokre solide kraftgrep.

Han foreslår:

  • Å ikkje bygge nye utanlandskablar til Danmark.
  • Å ikkje innføre EUs fjerde energimarknadspakke.
  • Å utvide straumstøtteordninga med eit lågare innslagspunkt.

Hussaini meiner at det er viktig at også folk i Arbeidarpartiet erkjenner at det tette energisamarbeidet i Europa ikkje har fungert slik det var tenkt.

– På lang sikt må vi sjå korleis kraftutvekslinga skjer. Problemet no er at Tyskland har ført ein energipolitikk som har handla om å byggje ned kjernekraft og erstatta det med vind, sol og russisk gass. Og så har vi kopla oss på den energimarknaden, seier Hussaini.

– Eg trur at folk er leie av at dei skal ha endå ein utryggleik i kvardagen sin knytt til straum. Det er ikkje nok med uvissa rundt renter og krig. Når du i tillegg skal ha eit uromoment rundt om det bles i Tyskland eller sola skin i Storbritannia, er det veldig ille. Folk manglar ikkje spenning i kvardagen.

Mange på gjerdet

Oppslutnaden til Arbeidarpartiet på meiningsmålingane er for tida på 19,2 prosent i gjennomsnitt.

– Eg trur det er veldig mange som no er på gjerdet, men som eigentleg vil røyste på Arbeidarpartiet dersom dei blir meir fornøgd med politikken. Mange av dei seier til meg at dei skal vurdere å stemme på Ap viss vi er meir oss sjølv. Då er det kontroll på krafta som er saka. Vi må ha kontroll på krafta og på straumprisane, seier Hussaini.

– Bør vi innføre makspris på straumen?

– Vi har ein makspris i dag. Straumstøtta er på 90 prosent. Det betyr jo at vi har ein makspris på 90 prosent av straumen. Dei som argumenterer hardt mot makspris, argumenterer eigentleg mot dagens system. Eg er ikkje så oppteken av om det er 90, 95, 98 eller 100 prosent straumstøtte. Straum, nettleige og avgifter må til saman ikkje vere for dyrt. Det er det som er det viktige, seier han.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!