– Podkasten din «Ness» er veldig populær. Kva er visjonen bak det du held på med?
– Eg vil gje folk ein atmosfære der dei kan utfalde seg. Det kan kome kritiske spørsmål, men då får dei lov til å snakke ferdig. Eg prøver å velje gjester ut frå det eg sjølv tykkjer er interessant. Det er berre folk eg har lyst til å prate med. Og så prøver eg å vere førebudd, og få til ein samtale. Viss dei har skrive ei bok, så les eg boka, og eg les ho gjerne ganske grundig. Eg vil ikkje at det skal vere ein diskusjon om baksideteksten på boka.
– Når eg ser over kven du har hatt som gjester, så ser det ganske kontrært ut. Energipolitisk talsperson i INP Kjell Erik Eilertsen har vore gjest fleire gonger om energipolitikk, til dømes. Er han den mest interessante i Noreg å prate om energi med?
– Eg vil ikkje seie at eg er kontrær, nei. Eg prøver å vere noko anna enn slik eg oppfattar mange andre kommentatorar i andre aviser. Ta til dømes Astrid Meland, som har skrive mykje om energipolitikk. Ho er den som skriv mest om energi i VG, og ho har skrive ting som er heilt himmelropande dumt. Det er berre slavisk å følgje talepunkt som ho har fått frå Fornybar Noreg eller noko slikt. Det er ein sjukdom hjå mange kommentatorar, at dei lener seg for mykje på elitens visdom.
– Du er featureredaktør i Inyheter. Det er leia av Helge Lurås, og er etterkommaren til Resett. Eg er ikkje fast lesar av Inyheter, men når eg skumma sida i dag minna det meg ein god del om Document.no. Eg meiner at Document er veldig dårleg og dumt.
– Eg blir lei meg viss du tykkjer vi liknar på Document, for vi vil vere betre enn det. Eg skal ikkje seie for mykje om Document, men eg meiner at dei er monomane på dette med innvandring og islam. Det var Resett òg, og eg kunne aldri ha jobba i Resett. Det som er ein veldig god eigenskap hjå Helge, det er at han er flink til å erkjenne feil. Eg skal ikkje prate på vegner av han, men han ser nok noko av det som vart feil med Resett også.
– Eg tykkjer det verkar som om Inyheter er litt monomant opptekne av innvandring og islam òg.
– Eg er veldig oppteken av at det må vere lov å prate om dei problematiske sidene ved innvandring, men det er kanskje ti prosent av det eg skriv som handlar om det. Det er viktig for meg at eg får halde på med dei ti prosentane, men eg orkar ikkje dei som er heilt opphengt i at islam tek over verda og slike ting. Eg oppfattar Helge sitt prosjekt som at Inyheter skal liggje til høgre for sentrum, men at vi skal ha ei ganske brei dekning.
– I jula var det mange som vart sinte då du la ut eit bilete på X av eit Lego-sett av Gaza i ruinar, og tagga Palestinakomiteen. Kvifor gjorde du det?
– For å irritere Palestinakomiteen og norske Palestina-tilhengjarar. Den sjuande oktober la Palestinakomiteen ut ei feiring av terrorangrepet, og no ligg heile Gaza i ruinar. Viss det er ein ting norske Palestina-aktivistar må byrje å gjere, så er det å spørje seg sjølv: Er det Hamas i allianse med Iran som har dei beste planane for palestinsk frigjering? I Israel blir det heile tida krangla og diskutert korleis ein går fram og kva ein gjer. Allereie dagen etter sjuande oktober kunne du lese dei første artiklane i Haaretz som kravde at Netanyahu måtte gå av. Dei einaste som byter ut palestinske leiarar, det er Israel.
– Men eg skjønar ikkje heilt kva funksjon det hadde å irritere Palestinakomiteen med dette biletet. Skjønar du ikkje at det kan framstå hjarterått, og som at du ikkje tek dei menneskelege lidingane på Gaza på alvor?
– Eg trur reaksjonane handlar om at det er mange menneske som gjerne vil stemple meg som teit. No har eg plutseleg ein populær podkast, og då vil dei gjerne seie at eg ler av daude born. Det gjer eg sjølvsagt ikkje, men viss ein skal få folk til å tenkje, må ein stundom provosere. Det er eit retorisk verkemiddel.
– I podkasten din framstår du som ein ganske imøtekomande og normal fyr, men på sosiale medium tykkjer eg ofte du er frekk, spydig og ganske usakleg. Kvifor har du desse to personlegdomane?
– Eg tykkjer ikkje at eg er så slem, men eg trollar gjerne folk tilbake når dei trollar meg. Det var ein som fleire gonger kalla meg for ein Putin-tilhengjar, og då kalla eg han for ein pedo. Er det pent? Nei, men eg trollar eit nettroll. Og så kjem Eivind Trædal og alle dei andre og skal fortelje meg korleis eg skal oppføre meg.
– Så det er ingenting med din personlegdom på nettet som er litt over snittet spydig?
«Eg tykkjer det er sunt med litt griseri.»
— Ole Asbjørn Ness, podkastvert og featureredaktør i Inyheter
– Ja, det er eg sikkert. Eg tillèt meg å vere det, for eg ønskjer ikkje ein offentlegheit eller eit sosialt medium der alt skal vere strigla. Eg tykkjer det er mykje sunnare med litt griseri. Eg er nok òg ein person som alltid har likt å kødde litt.
– Du meiner at den norske dekninga og forståinga av Israel/Palestina-konflikten er prega av ein form for jødehat som gjer at vi behandlar Israel annleis enn vi gjer andre land?
– Ja, det er ingen norske medium som klarer å formidle det israelske narrativet og den israelske forståinga. Då blir heile dekninga berre kjempedum. Det blir sånn vulgærmarxisme der vi uansett tek parti med den svakaste part og ferdig med det. Og det rare er at alle er samde om at antisemittismen aukar, men ingen har sett ein antisemitt. Kanskje det er fordi det er så jævlig mange av dei, då?
– Er Espen Barth Eide ein antisemitt?
– Nei, det er han ikkje. Men norske Palestina-aktivistar lid av ein form for jødehat. Det handlar om den dobbeltstandarden som gjer at ein ser på israelsk krigføring på ein annan måte enn norsk krigføring i Libya eller amerikansk krigføring i Irak. Det er mykje som du kan seie om det som Israel gjer på Gaza. Det er overgrep, det er krigsbrotsverk, det er tortur, det er systematisk mishandling. Er det folkemord? Dette ordet som ein jøde laga i 1944 for å skildre det som skjedde dei europeiske jødane. Palestinske Hamas-leiarar blir ikkje ført inn i gasskammer, og dei blir ikkje skotne i bakhovudet og lagt i massegraver. Viss det er eit folkemord som skjer på Gaza, kvifor var ikkje det USA gjorde i Afghanistan i tjue år eit folkemord?
– Har Israel gjort noko det siste året som du tenkjer er langt over grensa?
– Ja, mykje. Eg byrjar no å tenke at lengda dette varer, gjer at det nesten går over i tortur. Og det israelske ytre høgre er like ille som ytre høgre andre stader, eller kanskje endå verre.
– Det er mykje problemskildring og mykje som er ille når du skildrar verda. Korleis skulle du ønske at Noreg og verda såg ut?
– Det er ein kritikk som det nok er legitimt å rette mot meg. Det er lettare å vere bikkja som bjeffar enn å alltid vere konstruktiv. Eg ønskjer eit Noreg med mindre skatt på arbeid, mindre offentleg sektor og mindre ikkje-vestleg innvandring.