Fredrik Graver har delt denne artikkelen med deg.

Fredrik Graver har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Frå USA til Innlandet kjenner folk på sinne over ei samfunnsutvikling dei ikkje har kontroll over. Det er det stoffet høgrepopulisme er lagd av.

Raseri og avmakt

FRAMTIDAS HØGREPOPULISTAR? Når skular forsvinn, så forsvinn ungdomen, innbyggjartalet går ned, husprisane gjer det same, og butikkar og offentlege tilbode vert lagt ned, skriv forfattaren. Her frå ein demonstrasjon mot skulenedlegging i Hamar. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sinne og frustrasjonen i samband med nedlegging av vidaregåande skular er truleg berre byrjinga. Vi kan oppleva same polarisering i vårt samfunn som ein har sett i Ungarn, Polen og no USA. For fyrste steg mot eit illiberalt demokrati, som USA vil få om Trump vinn valet no i haust, er at ein stor del av innbyggjarane føler dei tapar på samfunnsutviklinga.

Sinne og frustrasjonen som no pregar mediebiletet er eit framhald av til dømes Bunadsopprøret og aksjonen for den tidlegare høgskulen på Nesna. Men tonen er skjerpa. Det er å venta.

Det er eit generelt trekk med heftige protestar at dei kjem når utviklinga eigentleg har kome for langt til å kunna snuast. Når det gjeld nedlegging av vidaregåande skular er det folketalsutviklinga som er avgjerande. Ein har lenge visst at talet på unge som fyrst skal ta vidaregåande utdanning går nedover.

For det har ikkje mangla på medieoppslag om demografikrisa ein står ovanfor i Norge, som i resten av Europa. Difor skulle ein tru at folk hadde vorte van med tanken på at store samfunnsomleggingar må koma, langt større enn nedlegging av vidaregåande skular.

Når dette likevel kjem brått på, og utløyser sinne og frustrasjon, er det fordi det politisk har vorte snakka for lite om tema. Det finst fleire heiderlege unnatak, som Erna Solberg sin nyttårstale i 2019 om å laga fleire barn.

Men det meiningslause og tafatte i Solberg si utsegn seier mykje om med kor lite handlekraft ein har møtt utfordringa frå politisk hald. Og når politikarar føler det er lite ein kan gjera, så held dei like godt kjeft. Kanskje fordi når folk ikkje likar det dei høyrer, så lukkar dei øyro. Både politikarar og veljarar har altså vore unnvikande i møte med demografikrisa, som andre kriser.

Manglande tematisering av demografikrisa i samband med politiske val gjer at mange er uførebudd på at ein grunnstruktur for å halda folketalet oppe på landsbygda forsvinn gjennom nedlegging av vidaregåande skular. For når skular forsvinn, så forsvinn ungdomen, innbyggjartalet går ned, husprisane gjer det same, butikkar og offentlege tilbode vert lagt ned.

I møte med eit slik scenario er det ikkje til å undra seg over at folk kjenner at dei tapar på ei samfunnsutviklinga dei ikkje på førehand var tilstrekkeleg informert om. Det er ei slik kjensla av å tapa som har vore avgjerande for den politiske utviklinga og polariseringa ein har sett i Ungarn, Polen og no USA. Nyleg gjorde Fridomspartiet i Austerrike, Jörg Haider sitt gamle høgrepopulistiske parti med uheldige relasjonar til fascisme, eit brakval. For om ein ikkje møter sinnet og frustrasjonen med ærleg samfunnsanalyse heller enn med tomme politiske løfte, så viser europeisk historie dei siste 15 åra at ein får polarisering av samfunnet, og alt ligg til rette for ei illiberal utvikling.

For illiberale demokrati veks ikkje fram fordi ekstreme populistiske parti har særs gode løysingar på store samfunnsutfordringar. Nøkkelen til slike parti sin suksess er at dei peikar på store samfunnsutfordringar som andre politikarar helst vil feia under teppet.

Sinnet og frustrasjonen må difor møtast gjennom at ein hentar fram ein gamla tankekonstruksjon: Samfunnskontrakten. Etter Berlinmurens fall i 1989 gav ein alle store verdisystem på båten. Rett og gale skulle ikkje avgjerast av verdiar, men av kva som var lovleg og ulovleg. Kva som var godt og vondt skulle avgjerast av kva som gav økonomisk overskot og underskot. Slik skulle ein samla samfunn om målbare einingar som alle kunne vera samde om.

Dette var politisk samfunnsdoping. For mellom kva som er lovleg (lawful) og ulovleg (unlawful) finst det utrivelege (awful lawful). Og kva som gjev økonomisk overskot eller underskot gjev lita rettleiing i møte med miljøkrisa, flyktningkrisa eller demografikrisa. Det er her samfunnskontrakten kan vera til hjelp. Ein kan stilla det enkle spørsmålet: Kva forventar samfunnet av kvar einskild borgar, og kva kan kvar einskild borgar forventa av samfunnet?

Dei som er sinte og frustrerte i Innlandet er folk som har avtent verneplikt, betalt sin skatt, halde seg innanfor lova, gjort si borgarplikt og stemt i Stortings- og lokalval. Dei føler dei har halde sin del av samfunnskontrakten. Men så vert det gjort politiske val som gjer at deira lokalsamfunn, og dermed deira sosiale, kulturelle og økonomiske investeringar mister sin verdi. Då vert ein like sint og frustrert som om ein har sett pengar i banken mot eit løfte om 5 prosent rente, men brått vert renta endra til -5 prosent i staden.

Er det slik at dei som talmessig er underlegne, må finna seg i ei devaluering av deira investeringar i samfunnet fordi det er i fleirtalet si interesse? Har i så fall fleirtalet ei plikt til å kompensera for deira tap? Dette er kjernespørsmåla i debatten som ikkje vert reist klart og tydeleg.

Det er spørsmål som kjem til å koma opp jamt og trutt på grunn av demografikrisa. Det er lett at sinne og frustrasjonen berre aukar for kvar debatt, og at bunadsopprører om nokre år ser ut som eit litt aparte 17. mai-opptog.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!