DebattKjønnAnne Kalvig (Forfattar av Kjønnstru: Kampen om røynda)
Leiar av Norges Kvinnelobby (NKL), Helle Borgen, påstår at eg lyg i Klassekampen 29.11. Saka er at NKL over tid har publisert at transkvinner er kvinner og at «antigender-bevegelsen» (alle som forholder seg til objektiv røynd) undergrev menneskerettane. Viss dette ikkje er NKLs politikk, trass gjentatt publisering, kor er dementiane, kor er forsvaret for kvinners rettar som kjønn?