Intervju
Vilt og viktig skrot
– Friskt initiativ! Kva var tanken bak å lage ein tverrskandinavisk skriveskule-antologi?
– Takk ! Hovudideen bak «SKROT» var å setje saman tekstar på tvers av landegrenser, la dei kome i kontakt med kvarandre og snakke saman, og vi har derfor ikkje refusert nokon tekstar. Det har vore viktig for oss å vise kva som skjer på skriveskulane. Det var Tuva Vik, ein av redaksjonsmedlemmane, som kom på ideen i starten av skuleåret, då vi blei oppfordra til å lage fanziner. Vi såg gjennom tidlegare fanziner og oppdaga antologien «Orkester», som var laga av skriveskulane i Norge.
– Det er eit dristig val å kalle antologien «SKROT»! Kor kom tittelen frå?
– Ein fast samlingsstad for årets kull i Bø har vore kjøkkenbordet på Prestegarden, der fire av dei 13 studentane i klassen bur. Ein søndag forrige haust var vi samla for å finne tema til ei fanzineutgiving. Forslaga flaug over bordet, og på eit tidspunkt kom «SKROT» opp, men det passa ikkje til fanzina.
Eivind Myklebust