Dagboka
Diplomat
Anniken Huitfeldt er utnemnd som ny norsk ambassadør til USA, ei stilling som vert skildra som den viktigaste ambassadørstillinga av dei alle. Utanriksredaktør i NRK Sigurd Falkenberg Mikkelsen skriv at utnemninga varslar ei ny tid, og at det er behov for ein ny type ambassadør. Han argumenterer ikkje særleg godt for det, tykkjer eg, for som Klassekampen har skrive om, er det ikkje noko nytt med slike politiske utnemningar.
Det er likevel noko ein gjer sjeldan i Noreg, og samanlikna med mange andre land er det norske diplomatiet ganske lite politisk. I boka «War on Peace» skildrar den amerikanske journalisten Ronan Farrow korleis den ferske presidenten Donald Trump sjokkerte då han raskt kvitta seg med ein haug med diplomatar.
Farrow har dei seinare åra vorte ein journalistisk superstjerne i USA. Han er utdanna advokat, har ein doktorgrad i statsvitskap frå Oxford, var journalisten som avslørte sextrakasseringa til Harvey Weinstein, og har altså skrive ein bestseljar om det amerikanske diplomatiet. Trass i alt dette er han kanskje framleis best kjent som sonen til skodespelar Mia Farrow og filmregissør Woody Allen.
Aleksander Åsnes