Staten tilbyr 2,6 milliardar kroner til bøndene. – Ingenting vil endre seg så lenge ein ikkje endrar det pill rotne systemet, seier bonde.

Skuffa over statens tilbod

Pest eller kolera: Mjølkebonde Nils Martin Seim trur ingenting vil endre seg verken med tilbodet frå staten eller kravet frå bøndene. Her med kyrne sine då Klassekampen besøkte han i 2022. Foto: Anne Kari Hinna

Heime på mjølkebruket på Voss tar Nils Martin Seim ei pause frå såing av gras. Frå traktoren følgjer han med på pressekonferansar der regjeringa legg fram tilbodet som skal gi han grunnlaget for ei inntektsauke opp på nivå med resten av samfunnet.