Dagne Groven Myhren (1940-2024)

Ljos­opp­ly­sande, innsiktsfull og varm

Foto: Rolf Nykmark

Bodskapen Eilev Groven Myhren kom med om mor si i dag, vekte til ettertanke og sorg. Så brått er eit frodig familiemenneske, ein ljosopplysande, innsiktsfull og varm kunstnar og vitskapeleg natur ikkje lenger å få i tale. Ho var dotter av Ragna og Eivind Groven, vaks opp i ein oase av litteratur, musikkliv, dikting, formidling av tradisjonar og omfattande kunnskap.

Fredag