Politikarar må sleppe trua på at skattelette for næringslivet er løysinga.

Flytte til paradis

Illustrasjon: Knut Løvås

Pfizer er verdas største farmasøytiske føretak, og hadde berre i USA ei omsetjing på 27 milliardar dollar i fjor. Likevel betalte føretaket ingenting i føderale inntektsskattar til sitt heimland, samstundes som enorme overskot er plassert i skatteparadis. Farmasiføretaket fekk også fleire milliardar dollar i statsstøtte for å utvikle Covid-vaksiner, men rapporterte sjølv ein effektiv skattesats på minus 105.4 prosent i 2023. Pfizer har ikkje gjort noko ulovleg her, og føretaket er langt frå åleine. Tvert om er dette standard praksis for store multinasjonale føretak.

Kron og mynt