Pornorussekonge i dag, finanskonge i morgon.

Retten til å ta seg til rette

Russetid: Gutane har den råaste bussen, dei største høgtalarane og den sterkaste spriten. Dei har testosteronet til 18-åringar og har gira seg opp sidan 8. klasse: kva kan gå gale? Illustrasjonsfoto: Lise Åserud, NTB

Så var vi her igjen. Det er knapt vår i lufta, og heile Noreg snakkar om russen. Frå klasseromma på ungdomsskolen til lunsjborda på arbeidsplassane. Frå NRK til regjeringskontora er alle opptatt av ein pornorussebuss frå Bryne. Éin ting skal dei ha, den norske russen, dette fremste av first world problems. Dei kan enno samla nasjonen. Let’s roll!

Kultur