Kven betalar den høgaste prisen for nordmenns kokainbruk?

Utan personleg ansvar

Det finst eit bilde frå hamnebyen Guayaquil i Ecuador, tatt no i haust: ei langbeint jente jagar ein yngre gut – kanskje veslebroren – ned ei gate, med eit rampete glis i fjeset. Bak dei sit ei dame i leopardmønstra kjole, ein hund snusar på asfalten. Ingen av dei ser ut til å bli forstyrra av at det midt i gata, lengst fram i bildet, ligg to menneskebein stikkande ut frå ein striesekk. «This is the new Ecuador», har fotografen Rodrigo Abd skrive under.

Fokus