Martin Årseth
Konsernet
Overraskingsklubben Girona var lenge med i tittelkampen i den spanske fotballigaen. Det gjekk ikkje slik, men dei har kvalifisert seg til den gjæve meisterligaen. Eg er alltid svak for «underdogs», dei små som viser at idrett er konkurransar der alle kan vinne, sjølv om pengane dominerer meir og meir. Skaret i gleda er berre at Girona er eigd av Dei sameinte arabiske emirata gjennom konsernet City Football Group.
I den franske eliteserien er ni av atten klubbar del av eit konsern. Protestane kjem i Lorient mot Black Knight Sports & Entertainment, i Strasbourg mot BlueCo, i England protesterer Crystal Palace-tilhengjarar mot Eagle Football Holdings, i Tyskland kasta tilskodarane sjokoladepengar og leikebilar inn på bana for å stogge ligaen i å selje medierettane til eit utanlandsk investeringsfond. Investorar riv opp tradisjonar, går i konflikt med tilhengjarar og bruker klubbar som brikker i eit større spel.
Franske Troyes, òg eigd av City Football Group, er i ferd med å rykkje ned for andre år på rad.