- Nestleiar Trond Giske i Arbeidarpartiet skriv om skolen i ei ny bok og no varslar han eit linjeskifte i utdanningspolitikken. Den tilspissa lærarkonflikten i fjor har gjort inntrykk på Giske, som sjølv var utdanningsminister i den første Stoltenberg-regjeringa i 2000–2001. No forsyner Giske seg frå SVs vokabular og talar i eit intervju med Dagens Næringsliv om at skolen treng ein «tillitsreform». Lærarane opplever detaljstyring og manglande respekt for kunnskapen sin, meiner Giske, og skildrar kvardagen i skolen slik: «rigide testregimer, kontroller, beskrivelser av undervisningsform og metode, (…) detaljerte rapporteringssystemer og dokumentasjonskrav som har gått altfor langt».
Ap-skolen
Leder