KRITISK: LO-topp Arve Bakke meiner Statoils utbyttepolitikk har gjort nedturen i oljerelatert næring ekstra alvorleg.
– Me fekk ein forsterka nedgang på norsk sokkel då Statoil valde å prioritera aksjonærane framfor å gjennomføra planar for vedlikehald, seier Arve Bakke, forbundsleiar i Fellesforbundet, LOs største forbund i privat sektor.