- Den siste veka har det komme meiningsmålingar som viser styrkeforholdet mellom partia i dei tre største byane våre, knappe tre månader før kommunevalet. Dei viser at det blir ein tøff kamp mellom venstre- og høgresida om makta i Oslo og Bergen, mens Arbeidarpartiet står så sterkt i Trondheim at det verkar utenkeleg at Rita Ottervik skal miste ordførarkjedet. Det tydelegaste fellestrekket ved målingane i dei tre storbyane er at Miljøpartiet Dei Grøne veks sterkt, og ligg an til å få mellom 6,6 og 8,7 prosent. Framgangen til MDG vil prege valkampen og kan bidra til å velte dei borgarlege byråda både i Bergen og Oslo. I Trondheim går Arbeidarpartiet tilbake frå eit skyhøgt resultat på sist meiningsmåling i mars, men med 41,6 prosent kan partiet likevel notere seg ein tydeleg framgang frå kommunevalet i 2011.
Storbykamp
Leder